| |
Nyheter fra Norges Litteraturskole
last ned
teksten(word;20KB)
|
Norges Litteraturskole
manusutvikling
litteraturformidling
tekstarbeid
|
Klart eg må forsvara draumen med all sin røyndom
av: Anders A. Fitje
Inger N. Bråtveit er forfattar,
kritikar, journalist og redaktør og tidlegare idrettsgymnasiast.
Med romandebuten Munn mot ein frosen
fjord hanka ho inn generelt trivelege
kritikkar og Nynorsk litteraturpris for 2002. Trass i at ho er fødd
i 1978, tillèt ho seg å ha ein lang cv og eit respektabelt
litterært omdøme. Til Norges Litteraturskole formidlar
ho sine eigne tankar om lesing og skriving; - når du skriv
må du vere så dum at du gløymer alt klokt du
før har lært. Og så fortel ho oss kva tekstar
ho vert sjarmert av.
NL: Når vart du klar over at det var forfattar
du skulle verte?
INB: Eg kjenner meg vel ikkje som ein forfattar enno.
Eg har gitt ut ei bok og prøvar å halda meg skrivande
i trua på ei bok nummer to. Skrivinga er det viktigaste, skrivinga
er staden eg snakkar meg sjølv til rettes, den staden eg
har sjans til å irettesetja meg sjølv. Det er ein andre
instans, noko som kjem etter alt anna snakk. Etter alt dumt som
er sagt og gjort og som du ikkje kan, og som du klarer å lyga
deg vekk frå. Du ser kor endelaust dum du er og tenkjer at
det kan ikkje verta ståande slik, så gale kan det ikkje
vera fatt, så dum går det ikkje an å vera - ikkje
vera. Men når du skriv må du vera dum, så dum
at du gløymer alt klokt du før har lært, så
dum at du seinare, når du har skrive det du skulle, sukkar,
og akkar deg over kor dum du har vore. Eg skriv nok for å
koma meg vekk; vekk ifrå den dumskapen som eg igjen møter,
og så ser eg dumskapen igjen då og... det er ein evig
sirkel.
Og for å svara på spørsmålet:
Eg trur det byrja med brev, ynskje om eit svar - ein mottakar. Eg
skreiv så mange brev, ofte utan å få svar, og
då kjenner ein seg dum. Likevel; det var noko i brevskrivinga
som gjorde at eg etter ei stund, etter mykje venting på svar,
oppdaga at skrivesituasjonen var viktig i seg sjølv. Anten
svaret kom eller ikkje, så var det noko her, noko i skrivinga
som svara for seg sjølv.
NL: Du har gått eit år på Forfatterstudiet
i Tromsø. Kva har det gjort med deg som forfattar?
INB: Eg flytta jo til Nord-Noreg rett etter gymnaset
og var veldig travel. Studnet, journalist, kulturredaktør
og så mykje, mykje, så då eg kom inn på
dette studiet tenkte eg vel at no får me sjå: klarer
du å sitja eit år å skriva, så er det håp.
Skriving er ein skule i seg sjølv, men utan det året
ville det kanskje berre enda med snakk. Snakk om ein dag å
skriva ei bok. For det er mykje snakk. Året på Forfattarstudiet
var eit disiplinærprosjekt der spørsmålet om
eg hadde noko å skriva om, ikkje berre vart snakka om, men
vart testa ut. Liv Lundberg var ein god lærar og lesar. Ho
var streng, og sa klart ifrå om at noko mjuk mor for oss,
hadde ho slett ingen planar om å vera.
Så skulle eg jo gjerne sagt då at dette har gjort at
eg tolar motstand og motgang og at eg er blitt ein så god
lesar av mine eigne tekstar. Eg har i alle fall lært meg å
tvila.
NL: Einar Økland har eingong sagt at den
som treng ei blå pute for å skrive, ja han skaffar seg
ei blå pute. Har du nokon særskild arbeidsmetode / metodar,
eller set du deg berre rett ned og skriv?
INB: Skrivinga innheld så mange etappar, så mange prosessar
inne i sjølve prosessen, så eg trur det er opp til
sjølve instansen, sjølve skrivestadiet å avgjera
kva som går eller ikkje går. Økland har rett,
ein gjer det ein må, skaffar seg ei blå pute om det
er treng det ein treng, og så får ein sjå då,
i neste instans, neste labyrintløkkje, om det var den blå
puta ein trong. Ei anna sak er den at ein sjeldan får det
ein ynskjer seg, og at ein ofte ynskjer seg heilt feil ting. Så
endar ein opp med noko anna, men kanskje er det nettopp dette som
driv ein vidare, det som gjer at ein skriv vidare i ynskjet om det
ein ikkje fekk. Nei, eg trur verken det finst puter eller lettkjøpte
metodar på blå resept. Det handlar vel meir om kva som
skjerpar og kva som sløvar, og korleis ein klarer å
forvalta dette spennet, motsetningane mellom skjerping og sløvskap
så best ein kan. Og utan, jo som ei viss samanlikning: Slaktinga
har tre fasar, bedøving, blodtapping og så, sjølve
oppslaktinga av slaktet. Klart du må ha ein kniv, klart du
må gjera dyret roleg så blodet står stilt, men
det skal snittast, skjerast og delast lenge etter alt dette. Det
nyttar ikkje berre å klappa, klappa, det dyret som skal slaktast.
NL: Fortel om prosessen rundt antakinga og utgjevinga
av Munn mot ein frosen fjord. Gjekk du mange runder til
mange forlag før du fekk napp?
INB: Eg gjekk i alle fall mange rundar med meg sjølv.
Eg hadde kontakt med eit forlag eit års tid og møtte
interesse av eit anna forlag, før eg ein veldig vakker dag
fekk kontakt med Tiden Norsk Forlag. Eg vart lesen på ein
måte som utløyste ei ny lesing, ei ny skriving på
eit manus eg hadde arbeidd med i tre år og som eg trudde meg
ferdig med. Det var fantastisk; å møta nokon som sette
i gong så mykje! Eg trur det er møtet det handlar om,
finna den lesaren som skjønar deg, går inn i stoffet
og snakkar på manuset sine premiss. I ettertid ser eg at eg
har vore heldig, veldig heldig som møtte eit forlag som tok
tak og i mot, midt i ei tid der eg tvilte sterkt og var nær
ved å gi opp. For skriving er venting, uthalding, skjerping
og ny uthalding. Skrivinga er tvil. Ein tvil som eg må skapa
om til ein illusjon om at det ingenting er å tvila på,
overtyda meg sjølv om at illusjonen er sann, og samstudens,
vera vel vitande at alt berre er løgn.
NL: Ein del forfattarar les mykje litteratur og søkjer
andre inntrykk under arbeidet med sine eigne bøker, andre
ikkje i det heile teke. Kvar står du sjølv?
INB:Skrivinga er der jo heile tida, det finst ikkje
noko før eller etter ei bok for meg, som berre har gitt ut
ei bok. Det er ei einaste lang skriving, ei einaste lang lesing
med kjensla av ikkje å vita nokon ting, og for å sitera
Økland fritt etter minnet og munnen att; eg ser på
meg sjølv som udanna, uopplyst og kort sagt ganske dum. Dumskapen,
redsla for å fordummast, ein dag stå fastlåst
midt i si eiga fordumming, er den største skrekken. Så
då må ein berre halda på, då kan ein ikkje
slutta å lesa. Sjølv om mykje, etter endt gjennomlesing,
kanskje synest ganske dumt.
NL: Du er sjølv bokmeldar og kritikar.
Kva kvalitetar er det som tiltalar deg mest i ein tekst?
INB: Å du og du! Ja kva er no ein kvalitet?
Det som kan synast som største kvaliteten i ein tekst, kan
stå som verste utanpåklistring i ein anna. Ein tekst
inneheld så mykje, temperatur, komposisjon, musikalitet, forteljing,
stilistikk, syntaks og språk og og og, ja ja, bla, bla, alt
dette er bra, naudsynte komponentar, utan nødvendigvis å
vera kvalitetar. Det finst kvalitetar som synest meir viktige i
ein tekst, kvalitetar som synest viktigare for ein forfattar enn
for ein annan. Eg kan verta tiltalt av dei kvalitative vala, vektingane
i ein tekst, om dei er usagt velbegrunna. Eg likar når kvalitetane
er stilteiande nedfelt i ein tekst, når kvaliteten ikkje er
kalkulert- ja då er eg sjarmert.
Eg likar tekstar som prøver seg, utan å kjekka seg,
- tekstar som har mot, retning og røyst. Og då meiner
eg noko meir enn den såkalla stemmen, skriftstemmen som ein
snakkar og framleis snakkar så mykje om. For at ei røyst
skal bera, må det finnast språk. Eit språk som
kan sporast tilbake, gjerne som godt handverk, men samstundes stå
som eit lynnedslag. Eit lynnedslag som ingen veit kor kom ifrå.
Å nei, å nei. Kva er det no eg seier? Eg likar tekstar
som ikkje kjekkar seg, ikkje fiksar og triksar, men som likevel
har mot. Eg likar teksten som kan vera ille ute kva tid som helst,
men som likevel går der ute, må gå der ute, og
som veit, nærast ventar på å verta slått
ned.. tekstar som vågar å risikera, vågar å
venda seg vekk frå den breide veg, men altså utan å
kjekka seg.
NL: Kva forfattar/ar beundrar du sjølv?
INB: Min store helt er Virgina Woolf, men Eva Ribich
si bok ”Du är den ende mitt hjärta har velat”
har eg hatt med meg i veska overalt den siste tida. Og snakkar
ein om Ribich så kjem ein ikkje utanom Jäderlund. Og
snakkar ein om Jäderlund så kjem ein ikkje utanom dei
andre kvinnelege svenske, åttitals-debutantane: Kristina
Lugn, Katarina Frostenson, Eva Stina Byggmester, Birgitta Lillpers.
Så tilbake att i
tid, Kerstin Söderholm, Maria Wine, Sonja Åkesson. Og
for å gå til vår tid igjen, Kristian Lundberg,
Anna Mattson si diktsamling ”Ännu” er veldig
vakker. Av samtidige norske: Steinar Opstad. Arne Østring
sine tidlegaste dikt, huhuuu, Yngve Pedersen svingar det av,
Gunnar Wærness,
Monika Aasprong, Tone Hødnebø, Øyvind Rimbereid,
Claude Royet-Journoud er fransk og nei, du dette var vanskeleg.
Hans Herbjørnsrud, Anne Bøe og Hanne Bramness, Inger
Elisabeth Hanssen er bra synest eg også. Eg
trur eg kan seia at eg kan ikkje rekna dei alle. Og at eg beundrar
dei alle. Men mest betyr musikken. Fartein Valen og Emmylou Harris.
NL: I Munn mot ein frosen fjord er det
ofte glidande overgongar mellom det røyndomlege og fantasi
og draum. Hovudpersonen befinn seg like mykje på draumesida.
Er boka eit forsvar for eller forsvarar for den verda, for den tilstanden
å vere i, i motsetjing til å forholde seg til ein røyndom
som opplevast som utilstrekkjeleg?
INB: Eg kan ikkje, vil ikkje vera med på å
dela tida inn i soner, og litteraturen inn i skilje og avskilde
sjangrar. Draum og røynd er eitt for meg, så slik kjenner
eg vel ein viss trong for å forsvara denne realiteten. Klart
eg må forsvara draumen med all sin røyndom! Men ikkje
all røynd er like god, ikkje all litteratur like velskriven.
Hovudpersonen i Munn mot ein frosen fjord leikar, leitar
og lengtar etter løysingar, svar og hjelp ut av sin eigen
tilstand, og det er ein tilstand der røynd og draum er eitt,
tett i tett. For draumar kan òg vera vonde, marerittet kan
halda fram heile dagen, frå morgon til kveld. Eg trur ikkje
på forløysing, lette løysingar som lovar at
alt ein dag skal gå over. Ingenting går over, det får
berre ei anna form.
Eg trur på eit samla medvit, ein syntese,
der draum og røynd ikkje vert snakka om som to avskilde tilstandar.
Ein tilstand er ikkje berre her og no, ein tilstand handlar om det
som har vore og om det som skal koma. Ei tid er alltid fleire tider
og ei skrift skriv seg inn i så mange tradisjonar.
|