Nyheter fra Norges Litteraturskole

nyheter medieomtale fra idé til bok

last ned teksten(word;29KB)

Norges Litteraturskole



manusutvikling

litteraturformidling

tekstarbeid

 

-Kvifor kan ikkje eg også gje ut bok?
av: Anders A. Fitje

I 2001 dukka ”Kolofon.com” opp i norsk bokbransje, som ein markblom mellom grantre; som eit alternativ og supplement til den etablerte forlagsverda. Kolofon er ein nettbasert utgjevingsstad for alle og einkvar; eit forlag utan konsulentar, eit ope rom for alle som har ein tekst dei vil sjå i bokform. Det er no mogleg for både Gud, djevel og alle der imellom å gje ut si eiga bok. På Kolofon kan du, ved nokre tastetrykk, bli forfattar med di eiga bok i hende, på kort tid og for ein beskjeden sum pengar. Med nettilknytning til ei trykkemaskin kan ein sjølv bestemme om ein vil utgje teksten sin i eitt, to eller tredve tusen eksemplar. Er det no blitt enklare for forfattarar å gjere lukka i Noreg, utan å kome gjennom filteret til dei tre store forlagsmastodontane (mastodonten var ein prehistorisk, no utdøydd kjempeelefant) og konsulentane deira? Litteraturskulen har snakka med dagleg leiar, Tom J. Halsør.

NL: Korleis oppsto Kolofon?

TH: Grunntanken bak var: ”Kvifor kan ikkje eg også gje ut bok?” Vi var ei gruppe gründarar som hadde litt ulik bakgrunn; vi hadde mykje variert teknisk kompetanse blant oss, og såg dei tekniske tilhøva som med eitt låg der: å få ein tekst ferdig ein dag, og få den ut frå nettet på papir dagen etter. I starten brukte vi mykje tid på denne såkalla eboka, og på samarbeid med dei store forlaga, som det ikkje kom noko ut av. På den andre sida var slike bomskot viktige for å gje oss nyttige erfaringar, som gjer det lettare for oss å styre unna slike neste gong.

NL: Kven er det som benyttar seg av dykk?

TH: I hovedsak folk som berre vil gje ut stoffet sitt, alle moglege eigentleg. Vi gjev ut bøker for fagbokforfattarar – forskarar som vil sjå avhandlinga si i bokform, gjerne, og større ting for bedrifter. Og så har du privatmarknaden – slektsgranskingar, ”eg-elskar-deg”bok til kjærasten, reisekildringar: ein heil del eingongstilfelle som er innom oss ein gong og som vi ikkje høyrer noko meir til. Men vi synest også slike er bra for oss. Vi har sett nettdebattar der folk diskuterer Kolofon, og folk som har vore innom og skrive om oss, har brukt oss og vore veldig positive. Vi er avhengige av jungelordet.

NL: Kan kven som helst gje ut bok gjennom dykk?

TH: Ja. Merk at det er forskjell på den bokpakka som vi tilbyr, der du kan få trykt eitt eksemplar av boka di og det er det, og på eit større system der vi også kan stå til teneste med språkvask, distribusjon og eit større antal eksemplar.

NL: Har du noko kjensle med kor mange det er der ute som sit på stoff dei gjerne skulle ha gjeve ut?

TH: Det er mange – utruleg mange. Du anar ikkje kor mange telefonhenvendelsar vi får… Vi tek oss av publikasjonar dei store forlaga ser på som for smale, forskarutgjevingar der vedkomande forfattar ikkje har orka å tråkle seg gjennom forlagssystemet. Og tenk på alle dei som har ting liggande i skrivebordsskuffa. Problemet er å få tak i dei. Det som var interessant er at vi var i starten redde for å få inn mykje søppellitteratur, men sanninga er at dei som kjem til oss har både litterær og fagleg tyngde. I dei tilfella der dei har vore innom forlaga, har dei blitt refusert av tre grunnar: anten fordi det har vore for dårleg, eller fordi stoffet har vore for smalt for forlaget, eller fordi det ikkje har passa med forlaget sin portefølje. Dei store forlaga har blitt veldig kommersielle. Bokverda elles óg. Ein stadig tilbakevendande vits vi fortel hjå oss – men som det er mykje i – er at lista over månadens bøker i bokklubbane og bestseljarlista på Narvesen er den same.

NL: Er det eit problem i Noreg at forlagsverda er lita og at det er nokre få store forlag som stort sett dominerer utgjevingane?

TH: Bokverda i Noreg er prega av at dei store forlaga eig Forlagssentralen, eig bokhandlane, og eig bokklubbane. Når bokklubbane ser at ei bok vil selgje godt, kan dei også diktere forlaget til å setje opp prisen på denne boka; dermed kan ein salssuksess presse prisane oppover, også på smalare utgjevingar. Dei små forlaga må betale andelar til bokhandlane, som altså vert eigd av dei store forlaga… dette er eit system styrt av få: det er eit system prega av ,små marginar, eit system det er vanskeleg å kome inn i. Det er smalt for dei smale. Bokverda i Noreg er trang og under einkvar kritikk.

NL: Har Kolofon ekspansjonstrong? Vil vi få sjå Kolofon som eit eige forlag om nokre år?

TH: Litt av problemet for oss er faktisk å forklare kva Kolofon eigentleg er… vi er vanskelege å båssetje. Vi er ikkje nokon kvalitetssikrande instans slik som eit forlag, og vi er heller ikkje noko reint trykkeri. Vi er publiseringshjelp, og vi er distribusjonshjelp. Vi er meir ei verktøykasse, ein hjelpeinstitusjon for folk som vil gje ut sjølv. Der er ekspansjonstankar (smiler) men vårt fokus no er å halde fram den positive økonomiske utviklinga vi er inne i. Sørge for at drifta er solid, og byggje opp likviditet.

NL: Har Kolofonforfattarar eit problem i og med at dei hamnar utanfor etablerte boktilstellingar som bokhausten, marknadsføringa o.a.?

TH: Ja, for så vidt, men det har jo alle som er utanfor dei tre store forlaga uansett – dette gjeld jo også om du er på Solum for eksempel. Men vi kan også fungere positivt på salet i og med at vi er så kjappe. Ein forskar som ga ut bok hjå oss kunne få den ut i tide til å selje den på eit seminar ho skulle halde kort tid etter, og Spartacus brukte oss til å sende ut anmeldareksemplar av boka om Stalingrad av Anthony Beevor, til bokmeldingar og omtaler i dei store avisene, i tide til julesalget. Så vi er med i runddansen, når det måtte vere nødvendig. Men det er ikkje så viktig for oss at boka skal selgje i fleire tusen eksemplar: vi skapar økonomi i ekstremt lave opplag. Vi tener pengar, og forfattaren tener gode pengar, sjølv i opplag under hundre.


NL: Korleis er det for eit nettforlag å nå ut til eit publikum? Korleis vert de kjent?

TH: Gjennom jungeltelegrafen. Også gjennom nettet, ved å skrive epost. Sidan vi har eit lite marknadsføringsbudsjett, må vi vere kreative. Vi er profesjonelle på å nå fram til dei rette målgruppene. Vi brukar tid på brevskriving, også på vanleg post, på å henvende oss til folk personleg, til å ta oss av kvar enkelt personleg kunde ordentleg.

NL: Til slutt, kva bør ein gjere før ein sender inn teksten sin til dykk?

TH: Ha den i Word, i riktig format; det er viktig å huske på, elles kan vi fikse det også. Hvis det skal bli trykt fort, bør det vere språkvaska – aller helst bør nokon andre enn forfattaren ha lest manus, nokon kjende som har litt peiling eller andre. Så er det berre å sende det rett inn.