| |
Nyheter fra Norges Litteraturskole
last ned
teksten(word;56KB)
|
Norges Litteraturskole
manusutvikling
litteraturformidling
tekstarbeid
|
Ein mutant i evig endring
- Eit essay om romanen
av: Anders A. Fitje
Historia om romanen er ei historie om ei lang
rekkje mutasjonar, og om e
in serie kollisjonar med røyndomen.
Romanen er ein bevegeleg organisme, alltid i endring, som nærer
seg på alle tenkjelege menneskelege konstruksjonar. Romanen
er ein storlygar, ein bløffmakar; rett og slett ikkje til
å stole på. Kva gjer ein når han påstår
å vere sann? Så vanskeleg det vert då! Den som
skal lese romanar, må vere budd på å møte
løgner. Då kan ein innsjå store sanningar.
Sanneleg, seier eg dykk!
Før han startar ei forteljing, minner alltid
forteljaren om at det er sanninga og ingen ting anna enn sanninga
som no kjem. Det er jobben hans. Mottakaren – tilhøyraren,
lesaren, sjåaren – har ein annan viktig jobb å
gjere; å gjennomskode, og forstå. Fyrst då kan
ein setje pris på forteljinga. Denne arbeidsdelinga - historier
møtt med diskrè skepsis - har eksistert sidan nokon
for fyrste gong teikna dei fyrste overdrivne holeteikningane inne
i hola. Og slik har ein halde fram. No er det dei skjønnlitterære
og faglitterære sjangrane som gneg mot kvarandre. Professor
i litteraturvitskap, Arne Melberg, har føreslege å
kalle alle sakprosatekstar som er i gråsonen – essayet,
reiseskildringa, aforisma, biografien -, for prosa heilt enkelt.
”Prosa i betydningen grammatisk, syntaktisk og motivisk sammenlenking
av erfaringer som ellers forblir ulike og fragmenterte,” slik
han utdjupar omgrepet i eit intervju i Morgenbladet. (Morgenbladet
nr. 9 2004)
Vidare seier Melberg at ”den umiddelbare konsekvensen
av min systemkritikk er en problematisering av «fiksjonen»
og «verket», en redusering av romanenes dominans i litteraturhistorien,
og et utvidet albuerom for den ikke-fiktive prosaen.” Men
er no dette så sikkert? Sant er det fagprosaen utvider territoriet
sitt, men dette er langt frå problemfritt. For den skjønnlitterære
prosaen sin del betyr dette berre endå ei omskruing av den
skruen som til eikvar tid kallast ”den moderne romanen”.
Svindelen
Frå begge hald – både frå
skjønnlitteraturen og frå sakprosaen – møtest
skrifter som verkar å ha eit lemfeldig forhold til sanninga;
til dei faktiske forhold skriftene dreier seg rundt. Frå den
eine fronten melder Melberg Dag Solstad og W. G. Sebald inn som
tvilstilfelle når det gjeld skjønnlitteratur. I romanane
sine lekkjer dei informasjon frå røyndomen; datoar,
faktaopplysningar. Røyndomen spreier seg som ein epidemi
inn i fiksjonen, og får den stakkars lesaren til å kjenne
seg lurt - igjen.
Frå den andre fronten kjem reiseskildringar
og reportasjar, som nyttar fiksjonen si form i framstillinga av
realitetar. Melberg nemner den respekterte forfattaren av mange
reisebøker, polske Ryszard Kapuscinski. Ein kunne like gjerne
nemne Åsne Seierstad som eit meir omstridd – og meir
problematisk døme. Alt er tekstar som vert sett på
som grensetilfelle, som ”ganske enkelt bør betegnes
som prosa” meiner Melberg.
For desse sistnemnde sjangrane, er alvoret i anklaga
større enn for Dag Solstad. Slike tekstar skal helst vere
sanne. Deira rett til liv kviler på sanningsgehalten dei hevdar
å ha. Sjølvsagt får Dag Solstad endevend 16.
07. 41, og sjølvsagt vert den skulda for både
det eine og det andre: for å vere sanning eller løgn
eller – det verste av alt – ei slu felle for kritikarane.
For dei som skal selgje det dei skriv som sanning, er ulempa større.
Paradokset, som litterat Melberg påpeikar, er sjølvsagt
at det er den litterære konstruksjonen som er mest verdifull
når ein skal framstille noko som sant. Det er fiksjonen si
form ein må ty til, skal ein hevde noko og få lesaren
til å tru på det.
”Prosa” er for enkelt
Er det noko litteratar tyrstar etter - og det er
fleire av oss - er det å stille ut ein tekst som sjangersprengande;
at den er av ein slik framand og underleg art, at den krev heilt
nye omgrep. Nytt er det imidlertid, at ein synest vegen å
gå er å plassere dei problematiske hybridane i ein stor
sekk; i eit meiningslaust, tomt ord som ”prosa”; med
ein ubrukeleg definisjon. Tekstar som er vanskelege å fastslå
om dei er sanne eller ikkje, kjem ein ikkje noko nærare ved
lettvint å kalle ”prosa”; ein vil alltid umiddelbart
trenge ei ny og meir presis nemning.
Snarare enn å finne færre genreomgrep,
treng ein å slå fast kva det er som gjer ein tekst uklar.
Det vert tabloid forenklande å kalle grensetilfella ”prosa”,
når ein heller må spørje seg kva det er som gjer
desse tekstane uklare. For romanforskinga er slikt interessant,
for faktalitteraturen er dette beint fram problematisk; og enda
beinare, nødvendig. Det trengst meir genrekompetanse, ikkje
mindre. Slik vert ikkje denne fiksjonsepidemien eigentleg ein kritikk
av romanen, som om romanen skulle ha tapt terreng; snarare skapar
den eit forklaringsproblem for sannseiaren, forteljaren, reportaren;
anten denne heiter Seierstad, Kapuscinski, CNN eller Marco Polo.
Leksjon:
Det står i mi internett-ordbok at sanning er:
utsegn som samsvarer med det røynlege. Men kven
kan avgjere kva som er røyndom? For den som berre har ein
forteljar å høyre på, og ingen andre å
spørje, vert det vanskeleg å avgjere om forteljinga
er sanning eller løgn. Det er i slike tilfelle mistanke-kompetansen
må koplast til. Fortel forteljaren kva som går føre
seg inne i hovudet til andre, bør varsellampa blinke. Om
nokon stiller seg i posisjonen til den allvitande forteljaren,
som fortel kva som går føre seg inne i hovudet til
nokon andre enn seg sjølv, er dette det sikraste teiknet
på fiksjon. Lesaren av reportasjen, reisekildringa, biografien
og dagboka må alltid vere seg medviten at det er ein forteljar
som sit i den andre enden og fortel. Mellom desse ligg forteljinga.
Sanninga ligg gjerne ein annan stad og forblør; gjerne det
fyrste offeret i ein krig, som ein seier.
Tru ikkje på nokon, same kva!
Alle saman har rotta seg saman mot meg, og lyg
for meg. Lesaren av romanar kan godt vere konspirasjonsteoretikar.
Vi ser han for oss der han sit i ein krok, utstyrt med meir eller
mindre sunne skepsisar.
- Forteljaren har rotta seg saman med nokon,
og lyg for meg. Eller så har han rotta seg saman med nokon,
og hevdar at han lyg, men så seier han sanninga. Eller så
har han ikkje rotta seg saman med nokon, og påstår at
han ikkje seier noko i det heile, og det er iallfall mistenkjeleg.
Men han lurer ikkje meg. Det er eit eller anna han seier. Og det
skal han ikkje få vridd seg vekk ifrå.
Men det vert jo slitsamt i lengda, dette å
gå rundt med mistankar og å leve i uvisse. Vi skal sjå
korleis ein klok mann, herskaren av Kina, handterte det heile.
Døme: Marco Polo og Khubla Khan
Historia har sine skeptiske lesarar, anten av romanar
eller andre tekstar. I Venezia på slutten av 1200-talet ga
folk uttrykk for skepsis til Marco Polo. Dei trudde ikkje på
han. Il Milione kalla dei han, sidan alt han fortalte frå
reisene sine var større og rikare enn noko folk kunne sjå
for seg. Folk tenkte seg at han gjerne la nokre nullar til alt han
hadde sett. Marco Polo sine reiser til Kina, og møtet med
Khubla Khan, har alltid vore knytta til spørsmålet
om sanning eller løgn, og til fascinasjon og undring. Fascinasjonen
er nyttig for forteljaren. Den som vert fascinert, godtek gjerne
at han vert skrøna for.
Forteljingar er juvelar
Historia fortel at dei tre Polo’ane; Niccolo,
Matteo og Marco, kom heim til Venezia i lurvete og loslitne kle.
Når dei spretta opp vadsekkane sine datt det ut rubinar, ametystar,
diamantar, gull og smaragdar. Mengdene med edelsteinar som dei hadde
løynt bak eit fattig ytre, vart til eit løfte om spanande
historier, frå rike og magiske byar. Juvelane skapte ein feber,
ein trong etter å høyre meir om staden dei kom frå,
for kanskje var historiene like glitrande som edelsteinane, og kunne
låne oss litt av glansen når historiene vert fortalt.
Dermed vart det ikkje så interessant om alt var like pinleg
korrekt, like lite interessant kor mykje pengesetlar ein kunne få
for juvelane. Edelsteinar er mineral som er sjeldne og slitesterke,
og som kan vare i tusen år og lenger til. Det vi vil ha, er
litt av dei skinande juvelane. Dette utbyttet er det same som den
får som les gode romanar, og høyrer gode historier.
Navigare necesse est
Boka Reiser av Marco Polo er eit klassisk,
tidleg døme på ei reiseforteljing som ein alltid har
tvila på var sann, men som er fortalt gong på gong.
Den er vorten møtt med skepsis, undring og beundring heilt
sidan den kom ut. Den vart skriven, i samarbeid med Marco Polo,
av ein viss Rustichello av Pisa, ein forfattar av pikareske
romanar; slike som Don Quijote las seg forderva på. Dette
kreative samarbeidet har gjort sitt til at deler av innhaldet har
blitt sett på som fyrst og framst fiksjon. Marco Polo har
eksistert, han har gjort ei reise til Kina, og han har møtt
khanen: dette er historiske fakta, altså bekrefta av fleire
uavhengige kjelder. Reisene rundt i khanen sitt rike, byane han
har sett, kampane han har vore med på, er derimot meir tvilsame
for oss, for vi les at han reiste nordanfor nordpolen, og i hans
verdsbilete var ikkje verda så stor som vi tenkjer oss den.
Det var med dette verdsbiletet bak auga Christofer Columbus sette
ut vestover for å finne austen. Flaks for han at Amerika låg
i vegen, elles hadde han sigla avgarde til havs for godt.
Tru på løgna
Marco Polos reiser er, med andre ord, ikkje
heilt å lite på for den som vil ha uigjendrivelege fakta,
for den som skal ut og oppdage verda eller for den som skal lage
nøyaktige kart. Men for oss er den høveleg. Den viser
oss at i dei tilfella vi må lite på ein enkelt forteljar,
kan vi rett og slett ikkje lite på han. Det kan gje forlis.
Vi kan derimot fryde oss over forteljarkunsten til ein som kan gje
oss ei god historie.
Det var det Italo Calvino forestilte seg khanen gjorde
i Usynlige byer (1972). Han skriv:
Det er ikke sagt at Kublai Khan tror på
alt hva Marco Polo sier når han beskriver de byer han har
besøkt på sine reiser som keiserens sendebud, men sikkert
er det at tartarenes hersker stadig lytter med større nysgjerrighet
og oppmerksomhet til den unge venetianeren enn til noen annen av
sine utsendinger eller oppdagelsesreisende. ... Det var bare i Marco
Polos beretninger at Kublai Khan tvers gjennom de murverk og tårn
som var bestemt til å rase sammen, klarte å skimte et
filigranmønster så fint at det unngikk termittenes
angrep.
Ja, Usynlige byer er ein roman. Men den
får fram til oss noko viktig og sant, nemleg forholdet mellom
tilhøyraren og forteljaren. Dette forholdet er basert på
ei løgn, og er underforstått av begge partar. Når
det er avklart, er dette forholdet det sikraste og sannaste ein
kan finne, og eit forhold som sikrar partane eit langt og trufast
samliv så lenge verda står. I løgna stolar ein
på kvarandre. I løgna stolar khanen på Marco
Polo, og Marco fortel han om alle byane han har vore i og ikkje
har vore i, han gestikulerer og må lage teikn og mimingar.
I lufta teiknar han fiskar i byane han har vore i, han lagar vind
med munnen og fortel at det bles der han har vore. Han fortel om
alt det usynlege i byane khanen har lagt under seg, og khanen forstår.
Han lærer å sjå verda slik ein annan ser den.
Han lærer eit anna språk, ein annan sitt språk.
Kva gjer det vel, om byen ikkje låg nett der den plar gjere?
Kublai ser alt for seg, like skinande og blankt som juvelane han
forsyner Polo’ane med når dei omsider må reise
attende til vesten. Eller gjev han dei juvelar?
Kva har vi lært i dag?
I dag ser vi at det er når romanforfattarar
prøvar seg på fakta, at det vert krøll. Det
er då ein ropar varsku om sjangerendringar. Og det er kanskje
ikkje så rart: ein gamal avtale er broten, og no fortel forteljaren
sanning! Men vi treng ikkje stole på han. Vi har lært
vår fyrste leksjon, og den er slik den alltid har vore: vi
stolar ikkje på ein enkelt forteljar! Vi høyrer, og
vi forstår. Vi forstår noko nytt, og vi forstår
noko meir av vår eigen lengsel. Vi lærer noko meir om
våre eigne fascinasjonar. Kubilai Khan skjønte noko
meir og sannare av Marco Polo. Hjå Marco Polo fann khanen
att sin eigen fantasi, og sine eigne bilete. Han såg alt det
vidunderlege i byane oppdagaren hans fortalde frå. Vi har
den same evna. Vi kan også sjå for oss dei usynlege
byane i Kina; og andre stader.
Den gode tilhøyraren
Rett nok får vi ikkje tak i den byen khanen
såg. Vi ser ein annan by. Romanen er ein mutant i evig endring,
frå den eine forteljinga til den andre. Frå sjanger
til sjanger. Berre i oss finst dei bileta vi ser; og vi kan ikkje
vere sikre på at det vi høyrer og ser er sant. Mistanken
må vi behalde. Ha konspirasjonsteoriane i bakhand. Men vi
kan enno sjå alle juvelane og edelsteinane, frå den
fillete sekken. Då vert det, etter mi meining, ikkje så
interessant at vi også veit kva dato Dag Solstad er fødd.
Gode forteljingar fortener gode tilhøyrarar. Den gode tilhøyraren
er skeptisk, men diskrè.
|