Nyheter fra Norges Litteraturskole

nyheter medieomtale fra idé til bok

last ned teksten(word;36KB)

Norges Litteraturskole



manusutvikling

litteraturformidling

tekstarbeid

 

Eit akademi for skrivekunst
av: Rolf Sagen

Rolf Sagen er forfatter. Han etablerte i 1985 Skrivekunstakademiet i Hordaland (www.skrivekunst.no). Essayet ble første gang trykket i Skrivekunst – Skrivekunstakademiet i Hordaland 1985-1995 Rolf Enger og Finn Øglænd (red) Eide forlag, Bergen, 1995. Publisert etter tillatelse fra forlag og forfatter.

Franz Kafka: «Kunsten har mer bruk for håndtverket enn håndtverket for Kunsten. Jeg er naturligvis klar over at man ikke kan tvinge seg selv til å føde; men i hvertfall til å oppdra barna.»

Malarane hadde det. Musikarane hadde det. Alle andre hadde utdanningsinstitusjonar, men dei skjønnlitterære forfattarane, diktarane, hadde det ikkje. Kvifor? Og dessutan: Kan ein eigentlig lære å bli diktar? Vi har høyrt mange vidløftige forklaringar på kvifor det tok så lang tid før forfattarane fekk sine skular. Enkelte har framheva det skrivne ordet sin høge prestisje, og det romantiske synet på diktinga som noe gudgitt. Slikt skulle ein ikkje tukle med. Det kan vel være noe i dette, men slik det ser ut for meg, er årsaka meir triviell.

For at ein institusjon av denne typen, og for så vidt dei fleste andre typar utdanningsinstitusjonar, skal oppstå, er det tre føresetnader som må vere oppfylte: Det må for det første vere tilstrekkelig mange som ynskjer seg undervisning av dette slaget. Dinest må det finnast folk som sit inne med, og som ynskjer å dele sine kunnskapar og ferdigheter med andre. Og, sidan vi lever i eit land med blandingsøkonomi og høg grad av offentlig finansiering, må det vere ein eller annan offentlig instans som er viljug til å betale det ein slik institusjon kostar. Her må altså vere både ei brukarinteresse, ei profesjons interesse, og ei politisk interesse.

Brukarinteressa har vel vore der så lenge vi har hatt skriftspråket. Men når det har tatt så lang tid før vi fekk institusjonar av denne typen, har det samanheng med at profesjonsinteressene og den offentlige eller politiske interessa lenge, og av forståelige grunnar, har vært svak. Det er i det minste min påstand.

Om det hadde funnest ein forfattarskule i vårt land for hundre år sidan, ville det trulig ikkje vore vanskelig å fylle opp plassane med begava diktarspirer. Men ein slik skule fanst altså ikkje, og forfattarane måtte bli autodidaktar anten dei ville det eller ikkje. Sidan, når desse autodidaktane fekk publisert det dei hadde skrive, og dertil kunne leve av sin kunst, miste dei naturlig nok interessa for undervisning.

Mange av forfattarane som verka i slutten av førre og byrjinga av dette hundreåret, levde dessutan godt av sin kunst. Eller rettare sagt av sin royalty. For den gongen var prisane på bøker forholdsvis langt høgare enn i dag, og royaltyen reknast som kjent i prosent av bokprisen. Ein kan vel forstå at desse forfattarane ikkje nettopp såg det som noen hovudsak å lære opp nye konkurrentar i næringa. Skulle til dømes Bjørnstjerne Bjørnson, Jonas Lie, Henrik Ibsen, eller Knut Hamsun ... nei. Henrik Wergeland, Johan Sebastian Welhaven derimot, og Alexander Kielland, kunne vel tenkt tanken, men dei fekk Seg andre jobbar.

I løpet av det siste hundreåret har bøkene vorte forholdsvis langt billigare, utan at dette er blitt kompensert tilstrekkelig med større sal. Den vanlige forfattar får ikkje meir enn eit par månadsløner for ein roman. Dei same forfattarane har heller ikkje vore i stand til å organisere sin faglige interessekamp på ein slik måte at dei har makta å presse opp prisen på arbeidet sitt, slik andre som arbeider i dei grafiske faga har gjort. I dag er det bare dei som arbeider med trykking, utgiving og sal som kan leve av bøkene, ikkje dei som skriv dei.

Forfattarar flest har lenge måtta sjå seg om etter andre inntektskjelder. Ei av desse kan vere undervisning for eksempel i skrivekunst. Samstundes har forfattarane saman med andre kunstnarar forsøkt å få politikarane i tale, for etter kvart som marknadskreftene meir og meir synte seg uskikka til å ta vare på den verdfulle kunsten, måtte kulturpolitikken inn i bildet.

Midt på 60-tallet fekk vi difor Kulturfondet som mellom anna ga grunnlag for innkjøpsordninga for norsk skjønnlitteratur. Vi fekk omlag samstundes fleire større arbeidsstipend til erstatning for dei gamle diktarlønene som no var oppspiste av inflasjonen. Diktarane kom ikkje akkurat på fast løn, men på mange måtar tok dei til å likne sine forfattarkollegaer ved universiteta. Heller ikkje filosofar, filologar og historikarar kan leve av skriftene sine, men det dei skriv meritterer, som det heiter. Skrivinga blir eit slag indirekte økonomisk grunnlag. Avhandlingane gir ikkje større inntekter, men dei gir tilgang til posisjonar og bra betalte stillingar.

Alt i dei første etterkrigsåra tok Den norske Forfatterforening til orde for at forfattarane skulle få ei særlig forfattarutdanning. Det ville naturligvis også føre til at røynde forfattar kunne bli lærarar for dei unge og urøynde på same måten som filosofar, historikarar og andre forskarar gjer ved universiteta, eller som malarane gjer det ved kunstakademia. Det er ingenting nytt ved dette. Det spesielle med diktarane er at dei lenger enn dei andre har klart å leve av marknaden. Heilt slutt er dette ennå ikkje. For dei stadig færre forfattarane som kjem ut i opplag store nok til å leve av boksalet, er undervisning og andre tenester av mindre interesse. Men for dei aller fleste forfattarar høyrer no både statlige stripend, undervisning, foredrag og opplesingar med til det viktigaste inntektsgrunnlaget.

Skrivinga er snart det som betyr minst i den samanhengen. Ei tilsvarande utvikling har vi hatt i alle dei skandinaviske landa, og ser vi til andre verdsdeler, til dømes USA, oppdagar vi at det å undervise i skrivekunst lenge har høyrt til diktarane sitt viktigaste levebrød. Her i landet var trulig både dei nødvendige brukarinteressene og profesjonsinteressene til stades alt på 50 og 60-talet, men den nødvendige politiske viljen til å gi forfattarane ein lærestol var framleis ikkje sterk nok. Det skulle difor ennå ga mange år før vi fekk det første organiserte utdanningstilbodet for forfattarar i Norge.

Midt på 60 talet tok Borten regjeringa over etter nesten samanhengande Arbeidarpartistyre heilt sidan krigen. Dette blei byrjinga til eit lite systemskifte. Desentrealisering blei eit honnørord i politikken, og distriktsinteressene gjorde seg no sterkare gjeldande både i regjeringa og på Stortinget. I 1968 vedtok Stortinget å opprette universiteta i Trondheim og Tromsø, og året etter vart dei tre første distriktshøgskulane opna. Mellom desse var Distriktshøgskulen i Bø i Telemark. I 1976 fekk vi også ei desentralisering av den politiske makta fra staten til fylka. Vi fekk det som er blitt kalla «Den nye fylkeskommunen» med mellom anna direkte val til fylkestinga. Samstundes blei det bygd opp ein ny fylkesadministrasjon, og heilt nytt var at vi fekk ein eigen kulturadministrasjon i fylke og kommunar.

Både distriktshøgskulane, dei nye universiteta og den nye kulturadministrasjonen var, naturlig nok, opne for nye oppgåver. Her blei rom for initiativ og nye utdanningsmål. Det var klondikestemning i utdanningssektoren.

Medan forfattarane i over tretti år hadde tala for døve øyrer om forfattarutdanning, var her no dukka opp nye lydhøyre interesser. Dei ærverdige gamle universiteta hadde vel ikkje det same behovet for å vere oppfinnsame. Difor er det slett ikkje så merkelig at det nettopp blei ein distriktshøgskule som først opna for eit utdanningstilbod for diktarar. Distriktshøgskulen i Bø og Den norske Forfatterforening blei samde om eit samarbeid, og vi fekk det første halvårige forfattarutdanningskurset i 1982.
Profesjonsinteressene hadde altså klart å skaffe seg allianse med ei regional politisk interesse.

Og brukarane var der straks! I Hordaland har vi ingen distriktshøgskule, men i 1976 fekk vi altså ein ny kulturadministrasjon knytt til fylket. Denne administrasjonen var først på 80 talet framleis under oppbygging. Her var ledige ressursar, og ikkje minst openheit for nye tankar og visjonar. Gode idear var framleis velkomne. Og helst, Sjølvsagt, noe som var eigna til å markere og profilere etaten og regionen.

Då eg i 1984 første gong tala med Aasmund Mjeldheim, kultursjefen i Hordaland, sa han heilt uoppfordra at etaten hans hadde funne fleire måtar å stø opp under lokale kunstnargrupper på, men akkurat når det galdt dei skrivande, var det ein viss mangel på idear. Dette kunne bare oppfattast som ein invitasjon til å komme med forslag. Det hadde eg ikkje på flekken, med det tok meg ikkje meir enn fem minuttar å finne ut at her kunne skje noe.Tilfeldigvis, eller kanskje ikkje så tilfeldig, hadde eg sjølv sysla med skriveundervisning i noen år. Eg hadde også sete i Den norske Forfatterforenings nyoppfriska utdanningskomité, og hadde deltatt i det arbeidet som førte fram til Forfattarutdanningskurset i Bø. I 1982 hadde eg dessutan vore på ein studietur til USA og vitja fleire universitet for å tale med forfattarar som hadde sitt arbeid der.

Då eg møtte Mjeldheim, var det kulturpolitikk som sto på dagsorden. Ikkje skriveundervisning. Men to månader seinare skreiv eg det første brevet om denne saka: Kva med eit akademi for skrivekunst, i Hordaland? Eit år seinare var Skrivekunst akademiet på plass med fylkeskommunale midlar. Det var sant å seie eit lite eventyr sett frå mi side. Men dersom eg reduserer meg sjølv til ein sosiologisk aktør, så var dette igjen eit døme på korleis profesjonsinteressene gjekk i allianse med ei nylig frigjord regionalpolitisk interesse i ei pregingstid. Sidan er det mange som har vore med å forme Skrivekunst akademiet i Hordaland til det er blitt. Men det er ei anna historie.

Kan ein så lære å bli diktar? Når det dreiar seg om kunst og skapande arbeid, er det ikkje først og fremst tale om å tileigne seg kunnskapar. Her er det ideelt sett tale om å skape noe nytt ut frå det ein alt veit og kan. Dette nye er då i prinsippet ikkje noe ein har tileigna seg ved læring. Det er noe ein har «funne på». Men kan ein lære å bli «oppfinnsam»? Og korleis lærer ein det, dersom ein slett ikkje er oppfinnsam frå før? No er det utan tvil ein del folk som er meir skapande, meir oppfinnsame enn andre, og sjølv om det trulig er ei evne som kan utviklast, og som ein i alle fall kan lære å utnytte meir optimalt, står det likevel tilbake at enkelte menneske har noe meir av dette enn andre, alt i utgangspunktet. Vi oppfattar det ofte som noe medfødt.

Derved vil eg ikkje ha sagt et ein diktar først og fremst treng være kreativ. Men dette er opplagt noe av det ein kan ha god bruk for, saman med andre eigenskapar som til dømes formsans, sensitivitet, intellektuell kapasitet, tilgang på psykisk energi, hukommelse, mot osv... I denne samanhengen talast det gjerne om «talent».
Men kva er så eit talent? Jo, det er som alle veit ein mynt som blei brukt i Palestina på Kristi tid.

Kristus advarte mot å grave det ned, men talent i vår tyding er likevel ikkje noe vi kan sjå eller erfare uavhengig av det som den talentfulle personen presterer. Ein påstand om at einkvan har eit talent for skriving alt før vedkomande har skrive noe, ville vere absurd. Vi er dessutan på villspor dersom vi ser på talentet som ein eintydig biologisk størrelse. Vi må hugse at det eigentlig er forleggarane som bestemmer kven som skal bli forfattarar. Og ulike forleggarar har bruk for høgst ulike talent.. Eit talent og eit talent er altså ikkje det same.

Opp gjennom åra har eg sett og undervist fleire hundre forfattarspirer. Mange av dei har seinare dukka opp i forlagskatalogane og i mange tilfelle var det slett ikkje overraskande heller. Men fleire av dei som i kurssamanheng kunne oppfattast som dei aller mest begava, høyrde ein kanskje aldri meir til i litterær samanheng. Hadde dei likevel ikkje «talent»? Forklaringa er vel så enkel som at dei har valt andre vegar. Det var ikkje skrive dei ville. Her er også ei lita gruppe som overraskar. Ingen skulle trudd at dei kunne drive det så langt som til å få utgitt noe. Men det gjorde dei.

Dette har i alle fall lært meg ein ting: Eg vil aldri felle den dommen over noen at dei ikkje ein gong vil lykkast med å finne ein forleggar til sine skriverier. Betyr det at alle kan lære å skrive? Det kunne vere freistande å svare ja. Men eg vil heller seie at dersom det er livet om å gjere for eit menneske å skrive, så vil dette mennesket vinne over dei største hindringar for å nå målet sitt. Og då er det ikkje noen stor hindring at ein manglar «talent».

Her finst så mange måtar å skrive på, og det er rom for så mange ulike diktarar. Her finst intelligente og uintelligente diktarar, her finst kreative og mindre krative diktarar, her finst uvitande, og her finst lærde. Få eller ingen manglar alt som trengst og ikkje alle går inn i litteraturhistoria og blir hugsa lenge.

Men i samtida er dei alle med og påverkar den prosessen som held oppe den litterære institusjonen i samfunnet vårt. Det einaste ein diktar ikkje kan klare seg utan, er sjølve viljen til å skrive. For har han ikkje den, kjem han ingen veg med sin begavelse.

Diktarane er som alle andre menneske. Det einaste dei har til felles er at dei skriv. Difor vil eg ikkje definere det avgjerande talentet som ei evne, men som ein vilje til å skrive. Hos mange beintfram ein trang eller eit behov like sterkt som behovet for mat og drikke. Eg er også overtydd om at det finst framifrå forfattarar som slett ikkje likar å skrive, men som gjer det likevel, av høgst ulike grunnar. Talent blir da, ut fra ein operasjonell definisjon, det som skal til for at eit menneske brukar år av sitt liv til å skrive, samstundes som vedkomande lykkast med, før eller sidan, å finne ein forleggar som er viljug til å satse det som skal til for å få manuskripta hans/hennar publiserte i ei eller anna form.

No viser det seg i praksis, at det er svært få menneske som går denne vegen, medan dei som drøymer om å gjere det kan synest mange. Ja, stundom får eg det inntrykket at denne draumen nærast høyrer med til det å vere norsk. Men for dei aller fleste vil vegen i praksis vere stengd. Ikkje fordi dei manglar evne til å skrive, men rett og slett fordi dei ikkje vil det nok.

Kan det løyne seg noe forståelig bak ein slik vilje eller trong? Har det kanskje samanheng med at enkelte menneske, meir enn andre, lar seg røre av det dei opplever? Er det kanskje noe i deira møte med verda som øser desse menneska opp, eller gjer dei meir utrygge, slik at dei finn det nødvendig å ty til denne magien, eller makta, som ligg i skrivinga?

Som eit slag svar, forsvar eller ettersvar. Kanskje er desse menneska meir sårbare enn andre? Eg ser heller ikkje bort frå at trongen til å skrive, i enkelte tilfelle, kan skrive seg frå ei særskild innsikt. Ikkje det at desse menneska har sett noe som ikkje andre har sett. Men dei har kanskje sett det på ein annan måte, slik at det opnar for ein vilje til å skrive. Om viljen skal levast ut eller ikkje, kan vel henge saman med kva slag forhold eit menneske lever under. Men for enkelte er. denne viljen så sterk at den vil slå igjennom, uansett.

Korleis det enkelte menneske har det med seg sjølv og sine asyner, er det ikkje godt for andre å ha sikre meiningar om. Det som står tilbake, er at enkelte finn det nødvendig å skrive, medan andre ikkje finn det like nødvendig. Og det er hovudsaka.

På denne bakgrunnen synest eg at spørsmålet som blei stilt ovanfor kanskje er villeiande. Spørsmålet er ikkje om ein kan, men om ein vil. Og når ein så har valt å følgje denne viljen eller trongen, og søker ein stad å vere med denne, så trengst eit rom, ein stad å vere med sin trong. Eit rom der det er plass og fridom til å vekse. For utan eit slikt rom vil det kanskje bli for lite rom for den skrivande kunstnaren i samfunnet vårt, slik at dei som vil dette, og vil det sterkt, likevel resignerer og gir opp sin vilje, og i staden søker andre, og kanskje meir destruktive vegar.

Det ville ikkje vere bra. Og difor treng vi Skrivekunstakademiet i Hordaland, og fleire andre institusjonar av same slaget. I framtida vil vi trenge det endå meir enn i dag. Og difor ynskjer eg akademiet til lykke med dei første ti åra, og den grunnen som her er lagt, for framtidas rom.