Nyheter fra Norges Litteraturskole

nyheter medieomtale fra idé til bok

last ned teksten(word;25KB)

Om kunsten å skrive godt
av: Anders Fitje

Gode Fagtekster - essayskriving for begynnere
Bech-Karlsen, Jo
Universitetsforlaget
Kjøp boken hos Bokkilden!

I vitskapen vert det no vanlegare og vanlegare å klistre merkelappen ”essay” på kvar ein ussel artikkel eller avhandling. Eller på norskstilen i vidaregåande skule. Avisene er fulle av essay. Essayet er over oss, over alt: ”Skriv kva du vil, men kall det essay for Guds skuld, så vert det sving på det.” Men kan alle skrive essay? Og kva er eigentleg eit essay?

Ein ny arena?

”Essayet er en stemme som melder seg inn i samfunnets samtale om seg selv”, skriv Jo Bech-Karlsen i innnføringa Gode Fagtekster – Essayskriving for nybegynnere, som er mynta på dei som vil skrive essayistisk om faget sitt. Altså studentar eller fagleg tilsette, på høgskular og universitet. Skribentar som vil setje faget sitt inn i ein større samanheng, kan gjere det gjennom essayet. -Dersom essayet vert ein vellukka akademisk sjanger, vil den nye lesegleda kanskje skape større interesse for det forskarane gjer, tenkjer gjerne nyskapande akademikarar, som kanskje skriv essay sjølv til og med.

Antisjanger

Så er det berre det, då, at essayet ikkje er nokon sjanger, ikkje høyrer inn under den akademiske fana. Essayet eignar seg ikkje innan akademia, eller rettare kanskje, akademia gjer seg ikkje i essayet. Essayet skaper alltid tvil om omgrepa, tvil om definisjonane. Essayet går utanom, startar frå ein annan kant, leitar etter digresjonar, leikar seg. ”Hell og lek er vesentlig for essayet” skriv Adorno i Essayet som form, ”man kan ikke foreskrive essayet dets oppgave. I stedet for å yte noe vitenskapelig eller skape noe kunstnerisk, gjenspeiler det, endog under anstrengelse, barnets lek”. Det er derimot alltid interessant å studere essayet. Men å skrive eit: vanskelegare. Det er ikkje noko mål for essayet å kome fram til noko sant. Sanninga er bestemt og bastant, og essayet er ingen av delane.

Ingen performativ tekst

Boka er ikkje eit essay sjølv, kledeleg nok. Slik ei innføring skal vere, er den systematisk, innordna i bolkar og med eksempel til kvart kapittel, med sitat, og med hyppige forsøk på å ringe inn kva essayet er. Gode Fagtekster er omgrepsbestemt, noko essayet skyr: omgrep, definisjonar og systematikk er klare døme på kva eit essay ikkje handlar om. Uheldigvis er stilen i boka, oftare enn ynskjeleg, halde i eit flatt og interesselaust språk. Bech-Karlsen skriv til dømes at: ”Essayet inviterer til samtale; det gjør leseren til deltaker og reisefølge på essayistens oppdagelsesreise”. Her vil studenten vonaleg tenkje at dette er eit skrekkens døme: for slike klisjèar vil jo gjerne den gode essayisten halde seg for god til.

Essayet og det moderne

”Essayet”, skriv Jo Bech-Karlsen, ”er en sammensatt og personlig prosaform, der refleksjon over erfaring bærer teksten.” Essayet er personleg, subjektivt, eg-prega. Fragmentert, usystematisk og rotlaust som det er, kler essayet den moderne erfaringa betre enn den strenge vitskaplege artikkelen. Essayet er mindre påståeleg, lettare i forma, vitskapleg uangripeleg i all si beskjedne framferd, og lettare å lese. Men ikkje nødvendigvis lettare å skrive.

Essay er refleksjon

Essayet er refleksjon over handling. Ettersom ein handlar, bør ein reflektere. Resultatet vil bli den personlege forteljinga som er blitt kalla, sidan Montaigne, essay: forsøk. Essayet lovar ingen ting, det set berre i veg. Likevel skal essayet gripe det allmennmenneskelege i dei ulike handlingane. Det er, når alt kjem til alt, ikkje så lite ein krev av eit stakkars lite forsøk.

Nyttige tips

Bech-Karlsen har henta mykje av si erfaring med undervisning i essaytekstar frå hovedfagsstudentar på eit studium kalla Profesjonskunnskap, eit hovedfag der ulike typar studentar med ulike typar kunnskap var samla, alt frå journalistar til flygarar til politi. Studentane skildra sin kunnskap gjennom essayet, og reflekterte over sine eigne erfaringar. Gjennom sitt arbeid med det kjem Bech-Karlsen fram til ei rekkje punkt som essayisten bør halde seg til, men som han også bør unngå. Det skal seiast at Bech-Karlsen her kjem med ei rekkje punkt og tips som er rett på sak, konkrete, og nyttige. På ei rekkje område kan boka vere til hjelp når ein skal unngå feller. Ein bør unngå internt, innforstått fagspråk, ikkje dynge den ned med teori. Skap din eigen stil, ver personleg. Her har boka ein styrke.

Inspirerer ikkje

Dessverre skaper ikkje denne boka det som må vere essayistens beste drivkraft; inspirasjon, glede over språket, og dermed skriveglede. Jovisst kjem Jo Bech-Karlsen med ei rekkje døme på gode tekstar, men språket i denne teksten er ikkje skarpt nok til å skape det som ein som skal skrive gode essay treng best: trua på språket. Den får ein betre, etter mi meining, ved å lese andre gode essay. Ein skriv ikkje dermed gode essay ved å lese Gode Fagtekster. Derimot kan ein få råd til kva ein ikkje skal gjere – boka gjer greie for ulike feller den ferske essayisten kan gå i, og det er jo ein start.

Kast alle reglar

Likevel skulle eg ynskje at han ville fokusere meir på det essayet er; tekstskaping i fridom. Fridom er viktig for essayisten, for fridom er det viktigaste essayet har. Ein som skal skrive essay, har rett, og plikt, til å kaste hemningar og åk over bord. Difor bør det fyrste råd til den som les Gode Fagtekster vere, gjerne etter å ha lest den, for all del: Å kaste boka i søppelkassa, fornekte alt i den og vere seg sjølv aller nærast når ein skal skrive. Ein skal gløyme alle skal og kan. Essayet er trass alt ein personleg sjanger: og det personlege kan nesten ikkje betonast sterkt nok. Difor er gode råd interesante, men nesten alltid som noko ein kan reagere mot, og i essayet, avreagere på. Denne fridomen er absolutt for essayet, og noko som Gode Fagtekster ikkje betonar sterkt nok.

For all del

Boka er nyttig på sitt vis. Den kan vere rettleiar på ein del punkt. Men eg er ikkje sikker på om den vil gjere fagskrivarar til gode essayistar. Til det er den for akademisk, for anemisk, for uinspirerande. Den kjem med ei rekkje gode råd, men den vert for slagordprega, for tørr, til å kunne drive skribentane halsande til skrivepulten.